Vest Næringsråd og Øygarden kommune skal fortsett ha eit tett samarbeid om næringsutvikling. No er ny avtale signert.
– Vi er heldige som klarer å snakke så godt i lag. Det er ikkje alle som har eit slikt samarbeid, seier Kari-Anne Landro i det ho skriv under avtalen med kommunen.
Næringsrådet og kommunen samarbeider om ei rekkje treffpunkt mellom det lokale næringslivet og det offentlege. Målet er å ta godt vare på etablert næringsliv, i tillegg til å leggja til rette for nye arbeidsplassar i regionen.
Den fornya partnarskapsavtalen gjeld frå 1. januar 2025 og ut 2027.
– Dette er å anerkjenne verdien av å ha ein organisasjon som representerer store delar av næringslivet i kommunen, og gjennom det å få eit felles verktøy til å utvikla kommunen. Det er altfor mange politikarar som trur at ein kan vedta utvikling. Det er heilt feil. Kommunen kan berre legga til rette. Kva skulle vi gjort utan dei store drivarane i næringslivet her ute, og kva skulle vi gjort utan alle dei små bedriftene? spør ordførar Tom Georg Indrevik.
Vil skapa arbeidsplassar
31. oktober i fjor vedtok kommunestyret samrøystes at kommunen skulle inngå ein fornya partnarskapsavtale med Vest Næringsråd. Tidleg i januar 2025 møttest partane for underskriving av avtalen.
I den står det mellom anna: Øygarden kommune og Vest Næringsråd har gjennom partnarskapsavtalen eit felles mål om å bidra til næringsutvikling, vekst og verdiskaping i Øygarden til beste for innbyggjarane i kommunen.
Gjennom partnarskapsavtalen legg ein til rette for samarbeid gjennom:
- å styrkja det generelle arbeidet for berekraftig næringsutvikling lokalt og regionalt
- satsingar og tiltak retta mot næringsutvikling i kommunen
- oppnå felles mål om styrka næringsutvikling i kommunen
- fremja Framtidssamfunnet og utvikling av dette
Les heile partnarskapsavtalen her!
– Vi er einige i dei overordna strategiske måla kommunen har sett seg for næringsutvikling. På vegen mot måla kan vi vere ueinige, det har vi all rett til å vere, sjølv om vi inngår denne avtala, seier Kari-Anne Landro.
Ordførar Indrevik er einig. I avtala står det også at kommunen anerkjenner Vest Næringsråd si uavhengige rolle som lokal næringsforening med det arbeidet som blir gjort og utspel som kan komma.
– Med denne avtalen skapar vi eit handlingsrom mellom næringslivet, administrasjon og politikk. Så kan vi vera ueinige om ting, men i 80 og 100 prosent av tilfella er vi einige. Kanskje ikkje i framdrifta, men i retninga vi går, seier ordføraren.