Næringslivet har stort behov for kompetanse, og ønskjer seg TAF-linje. Kva må til for at det skal skje? Og når kjem den nye vidaregåande skulen?
For vel eit år sidan svarte bedriftene i Øygarden på ei undersøking som kartla kompetansebehovet i regionen. 19 av dei 27 som svarte, meinte det ville vera gunstig for dei om skulen hadde TAF-linje.
TAF står for «Tekniske og allmenne fag» og er eit unikt skuletilbod som einskilde vidaregåande skular i fylket har tilbod om. Faget varer i fire år, og gir både fagbrev og studiekompetanse.
Tilbodet er for spesielt motiverte elevar, og gir eit særs godt grunnlag for vidare studier på høgskule eller universitet. I tillegg har du eit fagbrev.
- På Knarvik vgs er det tilbod om TAF innan fire retningar: bygg og anleggsteknikk, helsefag, elektrofag og teknologi og industrifag.
- På Fusa vgs er det tilbod om TAF innan fem retningar: Helsefag, marin, mekanisk, restaurant- og matfag og automatisering.
Sotra vidaregåande skule har aldri hatt dette linjevalet. Kva skal til for å endre på dette? På dette seminaret prøver vi å finne svar. Andre halvdel av seminaret skal handle om den svært etterlengta – og sakna – nye vidaregåande skulen på Sotra. Vi ser på status no, og kva planen er framover.
Tid: Fredag 16. februar kl. 08.30 – 11.30
Stad: Straume Teknologisenter, Auditoriet