Etablererdagen

Open fagdag for nye og etablerte bedrifter i Øygarden. 


Sit du åleine med ideane dine, og treng eit spark bak for å komma vidare? Har du komt eit stykke på veg, men vil ha eit større nettverk av likesinna? Eller er du veletablert, og ønskjer å læra meir?

Etablererdagen møtes vi for å få tips og råd om vegen vidare. Du får omvisning i Gründerparken Vest, og du blir kjent med kommunen sitt apparat for oppstartsbedrifter: Etablerersenteret.

Dette er nokre av temaene:

  • Korleis bruke sosiale medier riktig?
  • Korleis ein kan få oppdrag for det offentlege?
  • Juridiske råd
  • Kva støtteordningar passar for deg?

Tid: Tysdag 3. oktober kl. 09-14

Stad: Straume Teknologisenter, auditoriet

Arr: Vest Næringsråd i samarbeid med Etablerersenteret

09.00 – 10.00 – Å vera synleg

  • Dette må du vite om Sosiale Medier akkurat no, Janne Havneraas, DiggMarketing
    • Slik finn du den rette plattformen for deg
  • Slik gjer Maxliving suksess i sosiale medier
    • «Vi må nå potensielle kundar der dei er, og det er på sosiale medier», Rune Åbø, Maxliving

10.00 – 10.15 – Pause

10.15 – 11.15 – Offentlege innkjøp

  • Trude Espedal Jensen, konstituert innkjøpsleiar i Øygarden kommune
  • Henrik Lande, Harris Advokatfirma

11.15 – 12-15 – Lunsj

12.15 – 13.00 – Støtteordningar og rådgjeving

  • Innovasjon Norge – Tilskotsordningar
  • Etablerersenteret – Presentasjon av Etablerersenteret og En vei inn.
  • NAV – Ordning for dagpengar under etablering
  • Gründerparken Vest – Vest Næringsråd

13.00 – 13.15 Pause

13.15 – 14.00 – Gründerar på scena

  • Panelsamtale med ulike gründerar i Øygarden

Beklager, skjemaet er ikke lengre tilgjengelig.

keyboard_arrow_up