Byggebransjen er pessimistisk, andre bransjar ser lyst på det. Vi starter 2025 med eit medlemstreff som gjer deg litt meir førebudd på det nye året.
For eit år sidan begynte det som blei beskrive som ei krise i byggenæringa. På austlandet gjekk store og små firma konkurs, men vi klarte oss bra her i vest. Eit år seinare har krisa komt krypande over fjellet.
I den siste undersøkinga til NHO Vestland er det i byggebransjen det er størst pessimisme. 38 prosent av bedriftene der ser på den generelle marknadssituasjonen som dårleg. 41 prosent av dei trur det neste halvåret blir endå verre.
På Januartreffet kjem vi til å ha eit ekstra fokus på byggenæringa.
Andre tema du også får høyre meir om:
- Slik går det i næringslivet
- Kva gjer ein næringssjef i kommunen på?
- Ressursgrupper x 3 i Vest Næringsråd
- Endeleg opnar hotell på Straume!
Tid: Tysdag 21. januar kl. 08.30 – 11.30
Stad: Straume Teknologisenter, Auditoriet