Septembertreffet

Velkommen til medlemstreff i Rong kulturhus! Vi startar med aktuelle tema i Storsalen der, før vi set oss i bussar til Ljøsøyna og får siste nytt frå det ferdige mottaksanlegget for CO2.

Dette er eit knippe av dei du får høyre meir frå på treffet.

Denne hausten opnar det mykje omtalte mottaksanlegget for CO2 i Øygarden. Ei enorm investering frå den norske stat, som saman med fangst og lagring av CO2 utgjer prosjektet Northern Lights.

Verdens første full-skala karbonfangst og –lagringsprosjekt.

På haustens første treff får Vest Næringsråd sine medlemsbedrifter sjansen til å bli med for å sjå nærare på det ferdige anlegget.

Vi møtes om morgonen i Rong kulturhus der vi minglar rundt frukosten, og blir oppdatert på aktuelle tema før vi tar turen til Ljøsøyna.

Tid: 12. september kl. 08.30-11.45
Stad: Rong kulturhus, Rongøyvegen 270 (Google maps-posisjon her!)

08.30 Frukost

09.00 Aktuelle tema

  • Slik står det til i næringslivet
  • Konjunkturbarometer
  • Sparar stort på å bore etter varme
  • Dette skjer fram til sommaren på Sotrasambandet
  • Bergen Havn Ågotnes – Dette er situasjonen

10.30 Buss til Northern Lights

11.30 Retur til Rong kulturhus

keyboard_arrow_up