Øygarden næringsutvikling har fordelt 4,34 millionar kroner på 38 kriseramma bedrifter.
Like før jul blei det klart at Øygarden fekk ein del av 250 millionarspotten frå Stortinget som skulle kompensera lokalt næringsliv som var hardt ramma av pandemien. Midlene blei delt mellom dei 53 kommunane i Noreg med arbeidsløyse over landsgjennomsnittet.
Kriteria for kven som kunne få midlar blei vedtatt i formannskapet 21. januar, og 26. januar opna kommunen for søknader. Innan fristen 9. februar hadde 41 bedrifter søkt, og på styremøte i Øygarden næringsutvikling 17. februar blei fordeling av 4,34 millionar bestemt.
Sjå heile lista nedst i saka!
– Det har vore kjemperørande å lesa søknadene. Det er ingen tvil om at pandemien har gått ut over mange og ført til at folk har jobba døgnet rundt med å berga det dei har brukt tid på å byggja opp. Eg håpar denne støtta kan få dei over kneiken no når vi nærmar oss ei opning av landet, seier Anita Mannes, dagleg leiar i Øygarden næringsutvikling.
Mannes har vore sakshandsamar for utdelinga av midlane, og kan fortelja at pengane er lagt til utbetaling 23. februar. Det betyr at mottakarane kan venta å ha dei på konto ein av dei næraste dagane.
Men det var ikkje alle søkjarane som kunne få støtte. Det var også nokre av søkjarane som hadde hatt behov for meir enn dei får.
– Det var to søkjarar som dessverre ikkje var registrert i Øygarden, og dermed falt ut. Det var også ei bedrift som berre hadde operert eit par månader i 2019, og som hadde hatt behov for meir støtte. Men vi måtte forholda oss til kriteria som var sett av formannskapet, seier Mannes.
Kriteria for å få midlar var:
- Verksemda skal ha hatt drift i år 2019
- Verksemda må ha omsetningssvikt eller likviditetsutfordingar grunna Covid-19 pandemien.
- Verksemda må vera i restaurant- eller reiselivsbransjen, sosial entreprenør, eller vera ei mindre lokal verksemd med særskilt behov.
- Føretaket må vera registrert i Brønnøysund under Øygarden kommune.
Så mykje kunne ein få:
- Omsetning inntil 3 millionar i 2019 kan tildelast 50.000-100.000 kr
- Omsetning mellom 3-30 millionar i 2019 kan tildelast 150.000 kr
- Omsetning over 30 millionar i omsetning i 2019 kan tildelast 200.000 kr
Anita Mannes fekk saka om krisemidlar i hende ein time etter at ho hadde starta i jobben som dagleg leiar av det nyoppretta Øygarden næringsutvikling. Ho beskriv prosessen i saka som grundig.
– Gjennom dette har eg blitt kjent med noko av det rike næringslivet i Øygarden, og eg gler meg til å bidra til vekst framover. Eg er veldig glad for at eg har vore med og bidratt til dette. Det har vore rørande, men dei store heltane er søkjarane. Det er dei som lir og som har lidd, meiner Mannes.
Her er tildelingane:
FIRMANAMN: | TILDELING I TUSEN: |
VILLA VESTRE AS | 60 |
SEKKINGSTAD PRESERVING AS | 50 |
RAYMA AGENTURER, SUKKERSPINNBODEN.NO | 50 |
FOTOGRAF TRUDE BRUN WILHELMSEN AS | 50 |
SUND NATURTERAPI Anne Britt Hollup | 50 |
ØYGARDEN OPPLEVELSER AS | 60 |
RONG CATERING AS | 60 |
SOTRA RORBUSENTER AS | 100 |
FESTBUTIKKEN A/S | 50 |
KAFÉ ROSMARIN AS | 100 |
BERGEN FJORD ADVENTURES AS | 70 |
PITSTOP SOTRA | 100 |
MILLA SAYS AS | 70 |
HEIM mur og flis AS | 50 |
HOLY COW SARTOR AS | 100 |
ALGETUN AS | 70 |
SOTRA VILLMARKSENTER AS | 100 |
STRAUME RESTAURANTDRIFT AS | 100 |
ARKADEN FRISØR AS | 150 |
SURPRISEWORLD.NO AS | 150 |
TRELLEVIK KYSTFISKE AS | 150 |
SKJERGARDSHEIMEN | 150 |
SCALMARIN AS | 150 |
PINK FRISØRSALONG AS | 150 |
NR1 FITNESS VEST AS | 150 |
GLESVÆR KAFE & CATERING AS | 150 |
BELLE AMIE BRUDESALONG AS | 150 |
TORSVIKHUSET EVENT AS | 150 |
SALMONCUTS AS | 150 |
FRANK WAAGEN TRANSPORT AS | 150 |
HEGGEN AUTOSERVICE AS | 150 |
SOTRA CONVENIENCE AS | 150 |
BERGEN GOKARTSENTER AS | 150 |
TRAVELMATE AS | 150 |
GJØEN VVS AS | 150 |
ZINKEN AS | 150 |
Vitus Reiser AS | 150 |
CORNELIUS AS | 200 |
4340 |