Sidan 2004 har Vest Næringsråd forvalta gåvemidler til regional næringsutvikling gitt av Sparebanken Vest. Til saman i løpet av desse åra har fondet støtta 102 bedrifter eller prosjekt.
Kven kan søka i 2024?
- Bedrifter eller organisasjonar lokalisert i Øygarden, eller som har utspring i regionen
- Samarbeider de med andre aktørar om nyskapande prosjekt? Send gjerne inn ein felles søknad
- Støtte frå Stormfondet vil ha betydning for at prosjektet blir gjennomført
-
Desse kriteria vil bli vektlagt:
- Nyskapande prosjekt som bidrar til grøn omstilling
- Nyskapande prosjekt som bidrar til sosial innovasjon
- Nyskapande initiativ som stimulerer til relevant kompetanse og arbeidskraft for næringslivet i Øygarden
Søknadsfrist
Søknadsfristen gjekk ut søndag 22. september.
Tildelinga skjer på Øygardskonferansen, fredag 8. november 2024.
Midlar og prisar
Den – eller dei – beste søknadene får laga ein profesjonell film (ca. 2 min.) med ein verdi på inntil 50 000 kroner. Videoane blir vist fram for første gong under Øygardskonferansen i november. Filmane kan brukast kommersielt og til å løfta bedrifta/prosjektet vidare.
Størrelsen på tildelte midlar utover film-vinnarane blir vurdert av juryen.
Det blir markering av alle som mottar fondsmidlar.
Juryen består av styret i Vest Næringsråd og Sparebanken Vest.
Har du spørsmål?
Ta kontakt med Vest Næringsråd:
Kommunikasjonsansvarleg Anders Ekanger tlf: 977 66 366