I samarbeid med arrangøren vil Vest Næringsråd samle standane til lokale bedrifter under den neste messa i mai 2026.
HavExpo er ei messe som går over tre dagar annakvart år i Sotra Arena. Messa er fylt av bedrifter som driv innan- eller leverer til fiskeri- og havbruksnæringane, og i år var messa fullteikna med 270 utstillarar.
Ei rekkje medlemsbedrifter hadde stand, mellom andre Liegruppen og Sotra Gruppen. Desse har ytra ønske om at vi neste gong bør prøve å samle standane frå lokale bedrifter i nærleiken av kvarandre.
– Dette er eit godt innspel, og vi trur det kan vera verdifullt å vera samla på denne måten. Vi har tatt det opp med arrangøren og vil samarbeide med dei om å leggje til rette for dette, seier dagleg leiar Kari-Anne Landro.
Sjølv om det er lenge til mai 2026 har mange allereie bestilt plass. Difor må vi vite om bedrifta di er interessert i å menge seg med andre frå Øygarden.
– Vi har fått sett av eit område på messa til lokale bedrifter. Området er holdt av til ut januar, og vi får rabattert pris til medlemsbedriftene våre. Ta kontakt om du er interessert, seier Landro.
Ved signering av kontrakt blir ein fakturert for etableringsgebyr. Resten av kostnaden kjem i 2026.
- Er du interessert i å booke stand i nærleiken av andre lokale bedrifter, send epost til kari-anne@vnr.no.