Peder Lie blei historias første vinnar av den heilt nye «Vest Næringsråd sin heiderspris».
Vest Næringsråd sin heiderspris kan tildelast personar eller medlemsbedrifter som har hatt ei langvarig og sentral rolle i næringslivet lokalt, og utmerka seg på ein spesiell måte. Det skal vera ein honnør for den innsatsen som er lagt ned for nærings- og samfunnsliv.
Utdelinga av prisen er ikkje knytt til eit fast intervall.
Det er styret i Vest Næringsråd som gjer vedtak om tildeling av heidersprisen.
I 2024 ønsker vi å heidre ein person som bokstavleg talt vart født inn i yrket og det som har vore hans daglege virke.
Verksemda har vore i familien i fleire generasjonar og har blitt vidareført med djupe røter i tradisjonane. Han som skal heidrast har evna å ha ein fot i historia og tradisjonane, og den andre foten i nytenking og utvikling. På den måten har verksemda utvikla seg til eit moderne og lønsamt konsern, som driv i ulike bransjar og har fleire bein å stå på.
Prisvinnaren er visjonær og teknologiutvikling har stått sentralt. Miljøperspektivet med lågutslepp har verkeleg blitt tatt på alvor. «Første i verda av slitt slag», har vore realiteten ved fleire av anskaffingane som har vore gjort.
Med utvikling høyrer det også med behov for ein stor dose tolmod. Rom var ikkje bygd på ein dag og statlege reguleringar kan til tider vera utfordrande for dei som ønsker å få til noko. Prisvinnaren meiner sjølv at han er blitt meir utolmodig og dermed også meir tydeleg med åra. Han har eit stort samfunnsengasjement!
Hand i hand med utviklinga av familieverksemda har lokalsamfunnet og dei nære verdiane vore viktig for prisvinnaren. Han lever og andar for heimbygda. Han ønsker at heimbygda skal vera ein god møteplass, der fleire får oppleve dei gledene sjøen har å by på. Kor det blir tilrettelagt for kulturarrangement og fremjing av folkehelse. Til og med ei snøkanon for at ungane skal få aka mest mogleg, har mottakaren av prisen fått brakt til bygda.
Libas, Liafjord, Liagrunn, Liaskjæren. Gamlabøteriet, Krepsebua, Liaskjærshallen. Båthamn. Eigedomsutviklar. Bilforhandlar. Engasjement. Pianospel.
Vi kan nemne i fleng!
Vest Næringsråd ønsker å heidre Peder O. Lie for meir enn 75 år med nærings- og samfunnsutvikling med røtene godt plassert på Liaskjæret. Gåva til vinnaren er i tillegg til heider og ære, ein karikaturteikning av Peder omgitt av positivitet, fiskebåtar, familieaktivitetar og musikk!
Bilder frå tildelinga på Årsfesten 8. november: