Vil kartlegga kompetansen i næringslivet

edit today
Bedriftsleiar i Øygarden? No er du invitert til å påverka innhaldet i den vidaregåande skulen. Bli med og kartlegg kompetansen i næringslivet, og gje Sotra vidaregåande skule svar på kva linjer dei manglar.

– Kjempeviktig, og svært verdifullt for oss. Dersom mange svarar hjelper det oss veldig, seier rektor Torstein Telle ved Sotra vidaregåande skule.

For korleis kan skulen vite kva fagpersonar bedriftene treng, utan å spørja direkte? Det fins inga hot-line mellom alle bedriftsleiarar direkte til administrasjonen i fylkeskommunen.

– Denne undersøkinga vil gje oss ei god oversikt over behovet både no og litt fram i tid, meiner Telle.

Ber deg sjå inn i glaskula

Han får støtte frå assisterande rektor Erik Henneli som er spent på kor mange arbeidarar det fins i bedriftene i Øygarden som har ei utdanning skulen ikkje har tilbod om.

– Svara frå bedriftene vil gje oss ei oversikt over kor mange som jobbar innan ulike fag. Då kan vi rekne oss fram til kor mange klassar vi bør ha, og om det er tilbod vi bør få hit. Dette kan vi spele dette inn til fylkeskommunen som bestemmer. Innspel blir ofte høyrt, meiner Henneli.

No får altså bedriftene sjansen til å påverka innhaldet i den vidaregåande skulen i kommunen. Har skulen dei rette linjene, eller bør nokre leggjast ned og nye komma til?

Telle meiner til dømes heilt klart at Sotra vidaregåande skule bør tilby kjemi og prosessfaget med tanke på næringslivet i regionen. Etter eit år på Teknologi- og industrifag på Sotra må alle som vil vidare på prossess-vegen til Laksevåg for å gå andre året.

– Der går dei eitt år før dei gjerne hamnar her ute igjen i industrien. Dette er berre eitt døme på ei linje eg meiner vi burde hatt her ute, seier Telle.

Dette skal til for å få nye linjer

For at det skal skje endringar i linjetilbodet på skulen treng rektorane argument bygd på fakta.

– Det som skal til for å få nye fagtilbod på skulen er at vi kan argumentere godt for eit behov basert på tal. Til dømes at bedriftene gir uttrykk for at dei treng lærlingar. Tilgang på læreplassar er veldig avgjerande. Difor er svara på denne undersøkinga så avgjerande, forklarar Henneli.

Yrkesfaga har skulen nokså god oversikt over, men dei manglar kunnskap om korleis dei skal dekka behovet for dei som går studiespesialiserande og som skal vidare på høgare utdanning.

– Der har vi veldig lite informasjon om vegen vidare. Det blir veldig spennande å sjå svara på undersøkinga, seier Henneli.

Undersøkinga er laga av arbeidsgruppa skule/næringsliv i Vest Næringsråd.

Dette er arbeidsgruppa som skaper nytt liv i skule-næringslivssamarbeidet i Øygarden. Bak: Rektor Torstein Telle ved Sotra vidaregåande skule. Framme frå venstre: Marianne Furheim, Straume Mesterbygg, Rikard Toft Ledang, Vest Næringsråd, Per C. Aarsand, prosjektleiar, Peder Torsvik, Torsvik elektro og Hanne Misje Lokøy, Øygarden næringsutvikling KF.

Les også

keyboard_arrow_up