Har du planar om å starta for deg sjølv?
Frå venstre: Alexander Sekkingstad - Energioptimal Vest, David Jørgensen - iBalanse, Aleksander Helmersberg - MillaSays, Tor-Fredrik Friis - Lamor og Janne Havneraas - DiggMarketing.

Har du planar om å starta for deg sjølv?

19. juni | Tekst: Anders Ekanger
Grublar du på å starte eigen bedrift, eller sit ved kjøkkenbordet og allereie er igang? Vit at det fins eit fellesskap for slike som deg i Øygarden.

Gründerparken Vest held til i Straume Teknologisenter, og tel akkurat no 14 bedrifter med rundt 17 arbeidsplassar. Sidan starten i 2017 har cirka 40 bedrifter hatt kontor der.


Gründerparken er møteplass og kontorfellesskap for gründerar, oppstartsbedrifter og prosjekt som har vekstpotensial eller er innovative. I Gründerparken vil du inngå i eit miljø med andre gründerar og ein viktig del av konseptet er at leigetakarane deler kunnskap med kvarandre. Du vil få ta del i faglege og sosiale arrangement, samt moglegheit for rådgjeving og kontakt med eit nettverk av ulike ressurspersonar.