Personvernerklæring

Behandlingsansvarleg

Vest Næringsråd (VNR) (Org.nr. 980 792 056) er behandlingsansvarleg for personopplysningar vi samlar inn. Denne erklæringa gir informasjon om korleis vi handsamar personopplysningar i samsvar med personopplysningslova og GDPR.


Nettsider
Vi samlar inn personopplysningar frå nettsida vår når du kontaktar oss via skjema, e-post, telefon eller sosiale medium. Opplysningane vert brukte til å svare på førespurnader og administrere medlemskap, arrangement, nyheitsbrev og påmeldingar til møte og kurs.


Det er frivillig for dei som vitjar nettsida å oppgje personopplysningar i samband med å kontakte oss ved bruk av kontaktskjema. Informasjonen her vert utelukkande brukt til å svare på førespurnaden, så lenge ikkje anna vert avtala i etterkant. Som brukar samtykkjer du til innhenting og handsaming av data i form av cookies/nettkapslar, med mindre anna er spesifisert.

 

Kurs og nettverksmøte
For arrangement som kurs og nettverksmøte, vil vi lagre namnet ditt, kontaktopplysningar og namn på bedrifta. Denne informasjonen vert brukt til statistikk og deltakarlister. 

 

Handsamingsgrunnlaget er rettkomen interesse, då nettverksbygging er ein del av føremålet med arrangementa og er det som gjev verdi til deltakarane.

 

Foto
Vi tek bilete på våre arrangement til bruk i marknadsføring. Dersom du ikkje ønskjer å verte fotografert, eller ønskjer at eit bilete skal slettast, kan du kontakte oss på vnr@vnr.no.

 

Medlemskap og avtale
For medlemsbedrifter handsamar vi kontaktopplysningar som namn, stilling, telefonnummer, e-post og adresse for å oppretthalde medlemskapet og sende informasjon om foreininga sine aktivitetar. Det rettslege grunnlaget for dette er avtalen vi har med medlemsbedriftene (GDPR artikkel 6 nr. 1 bokstav b).

 

Betalingsinformasjon
Når du førehandsbetaler for eit kurs eller deltaking på møte og arrangement, vert betalingsinformasjon oppgjeven slik at vi kan motta betalinga di. Vi brukar DCode som databehandlar for betalingsinformasjonen.

 

Lagring og deling av opplysningar
Opplysningane vert oppbevarte så lenge det er nødvendig for føremålet dei vart samla inn for. VNR deler personopplysningar med tredjepartsleverandørar som bistår med IT-tenester, rekneskap, løn, medlemskap, betalingar og arrangementshandtering. Databehandlaravtalar sikrar at desse leverandørane handsamar opplysningane på ein trygg måte.

 

Cookies og webanalyse
Nettsida vår nyttar cookies for å spore brukaratferd og forbetre opplevinga for dei som vitjar. Dette inkluderer tredjepartsløysingar som Google Analytics og sosiale medium. Du kan velje å avslå cookies ved å endre innstillingane i nettlesaren din.

 

Kva rettar du har som registrert
Du har rett til innsyn i personopplysningane VNR handsamar om deg, og du har rett til å krevje at personopplysningane dine vert retta eller supplerte. Du har òg rett til å krevje at personopplysningane dine vert sletta. Ved slike førespurnader vil alle personopplysningane dine verte sletta, med mindre vidare oppbevaring er kravd ved lov eller tillate som følgje av rettkomen interesse. 


Ta kontakt med oss dersom du ønskjer å nytte rettane dine til å: motta informasjon om kva personopplysningar som vert handsama om deg; endre, rette eller oppdatere personopplysningane dine; krevje sletting av personopplysningar; trekkje tilbake samtykket ditt til innhenting, handsaming og bruk, eller utlevering av personopplysningar til tredjepart; motta informasjon om retten din til dataportabilitet, dvs. retten til å motta, gjenbruke eller overføre personopplysningar du har gjeve til VNR. Dersom du meiner at VNR si handsaming av personopplysningar er i strid med personvernlovgjevinga, har du rett til å klage til Datatilsynet.

 

Alle utsendingar av nyheitsbrev og invitasjonar inneheld lenke til avmelding, der ein enkelt kan melde seg av.

 

Rettar
For å nytte rettane dine som skildra over, kontakt oss via vnr@vnr.no.

 

Kontakt
Har du spørsmål om denne personvernerklæringa eller vår handsaming av personopplysningar?
Kontakt: Vest Næringsråd
E-post: vnr@vnr.no