Skip to content>
test

Om Øystart

ØyStart er eit gratis tilbod for deg som:
  • ønsker å starte eiga bedrift
  • har ei nyetablert bedrift
Gjennom programmet ØyStart blir du med i eit lokalt gründernettverk i Øygarden kor du får invitasjonar til ulike arrangement.

Her får du:
  • kunnskap tilpassa gründerar
  • bli kjent med andre gründerar 
  • møte ressurspersonar i ulike tenester retta mot gründerar 
  • tilgang til drop-in plass i Gründerparken

årshjul

Bakgrunn:

I juni 2025 vedtok Øygarden kommune at etablerarar og gründerar i kommunen skal få tilbod om å bli fulgt opp gjennom programmet ØyStart. 

Målet er å nå fleire og å skapa eit større nettverk som får tettare oppfølging gjennom aktivitetar og rådgjeving, og kople på aktørar som kan bidra til dette.
 
  • Vest Næringsråd har driftsansvar for ØyStart. Vi har eit stort nettverk av bedrifter i Øygarden og Bergen. Desse deler kunnskap og kompetanse på ulike møteplassar, også i direkte møte med gründerar. Når du er medlem av ØyStart, har du fri tilgang til Vest Næringsråd sine arrangement.
  • Øygarden kommune har samarbeidsavtale med Etablerersenteret. Dei er ein viktig aktør for nyetablerarar og tilbyr blant anna ei rekke kurs. Vest Næringsråd har tett dialog med Etablersenteret. Målet er å maksimere effekten av desse tilboda, til det beste for gründerane.
  • Den aller viktigaste faktoren med å vera del av eit fellesskap av etablerarar er å bli kjent med andre som er eller har vore i samme situasjon, for deling av kunnskap og erfaringar.
ØyStart er eit samarbeid:
  • Øygarden kommune er oppdragsgjevar og bidrar med årleg finansiering
  • Vest Næringsråd er ansvarleg for dagleg drift

Spørsmål?

Ta kontakt med Kari-Anne Landro i Vest Næringsråd: