Gert, Rikard og Jan-Dagfinn

– Ei effektiv sperre for vidare utvikling

27. mars | Tekst: Anders Ekanger
Her er dei to alternative løysingane Vestland fylkeskommune anbefaler for ny veg mellom Kolltveit og Ågotnes. Næringslivet er begeistra, men meiner vegen må realiserast raskare.
– Eg har ei løysing på flaskehalsen. Den dårlege nyheita er at det berre er strekar på eit kart, sa John Martin Jacobsen då han informerte kommunestyret i Øygarden torsdag. Jacobsen er avdelingsleiar for vegforvaltning i Vestland fylkeskommune. 

Han la ingenting i mellom og beskreiv dagens FV561 med ord som «nådd sin kapasitetsgrense», «ein knute» og «ei effektiv sperre for utvikling». 

Fylkeskommunen har sett grundig på kva som kan gjerast med dagens veg, og konkludert med at det er håplaust. Vegen er oppbrukt. Det er vurdert å bygge seks nye kryss, og det er forsøkt å legga inn eit ekstra felt til kollektivtrafikk, men dei får det ikkje til. 

I staden er den faglege tilrådinga å bygga nytt, og velga ein av desse to løysingane:

Konsept A: To tredelar av strekninga i tunnel og ny bru over Fjæredepollen.

Alternativ 1

Konsept B: Meir bruk av dagens veg, tre kortare tunnellar og ny bru over Fjæreidepollen.

Alternativ 2

– Planen kan skje raskt, eller det kan ta lang tid. Her må vi spele kvarandre gode, fylke og kommune. Skal eg tippa noko, viss alt klaffar, kan vi få dette til på ti år, sa Jacobsen. 

Skremmande lenge

Næringslivet i Ågotnes-området er positive til begge alternativa. For bedriftene handlar det meir om at ny veg kjem på plass så fort som mogleg. 

– Å måtte leve med dagens veg i ti år til er skremmande for oss som driv næring på Ågotnes. Eit så godt prosjekt burde kunna realiserast raskare viss alle speler på lag, meiner Gert Strindberg i Fabtech.

– Det blei nemnd at vegen kunne realiserast innan 10 år. Vi må kunna sei at vi håpar det går raskare, seier Jan-Dagfinn Lund i CCB. 

– Det er avgjerande at kapasiteten på vegen aukar så snart som mogleg, seier Rikard Toft Ledang i SotraGruppen.

Avgjerande for rekruttering

Alle tre likte det dei høyrte frå vegbyggaren. Dei meiner dagens veg er eit hinder for næringsutvikling i nordre delar av Øygarden. Fleire av dei har allereie store utfordringar med å rekruttera tilsette. Ny veg gir kortare reisetid for pendlarar, men kan også føra til tilflytting og fleire arbeidsplassar, meiner dei.

– Heilt avgjerande for rekruttering, og det å halda på tilsette. For folk som bur langs dagens trasé handlar det om noko endå viktigare: tryggleik, trivsel og livskvalitet. Dei har tolt mykje i altfor mange år, seier Toft Ledang.

– Ny veg vil ha svært positive effektar for innbyggjarar og næringslivet. Eg meiner det er viktig at forprosjektet resulterer i ei gjennomførbar løysing som alle er einig om, slik at den kan realiserast innan kort tid, meiner Lund.

– Vi ventar auka trafikk både frå bedrifter og tilsette til Ågotnes og lenger nord i kommunen, men også frå dei som bur og flyttar til området i åra framover. Ein ny veg vil ha den gamle som omkjøringsveg og vil gje ein langt sikrare situasjon for næringslivet, meiner Strindberg.