
Om oss
Vest Næringsråd er ei samlande kraft for næringslivet i Øygarden. Vi er ein privat medlemsorganisasjon med 350 bedrifter i ryggen, og vi jobbar kvar dag for å styrka interessene og utviklingsmoglegheitene deira.
Vi er:
Vi spelar på lag med både kommunen, regionale og nasjonale myndigheiter. Samtidig samarbeider vi tett med andre næringsforeiningar og kompetansemiljø – alt for å skapa eit sterkt, framtidsretta og konkurransedyktig næringsliv i regionen.
Vest Næringsråd er medlem av Næringsalliansen – eit samarbeid mellom 17 næringsråd i Vestland. Saman løfter vi regionale utfordringar opp på regionalt og nasjonalt nivå.
Vest Næringsråd er medlem av Næringsforeningene i Norge – organisasjonen for 175 næringsforeiningar i Noreg. Saman løfter vi felles saker opp på den nasjonale agendaen.
Arrangement
Vi har faste medlemstreff i året, i tillegg til fagseminarer, bedriftsbesøk og ei rekkje andre arrangementer. Vi arrangerer også Øygardskonferansen, der vi set fokus på regionen i ein større samanheng.
Ressursgrupper
- Ei drivkraft for næringsutvikling og verdiskaping i Øygarden
- Næringslivet si stemme og møteplass
- Ein aktiv påverkar for gode rammevilkår
Vi spelar på lag med både kommunen, regionale og nasjonale myndigheiter. Samtidig samarbeider vi tett med andre næringsforeiningar og kompetansemiljø – alt for å skapa eit sterkt, framtidsretta og konkurransedyktig næringsliv i regionen.
- Her finn du strategiplanen for Vest Næringsråd.
- Her finn du partnerskapsavtalen vi har med Øygarden kommune.
Vest Næringsråd er medlem av Næringsalliansen – eit samarbeid mellom 17 næringsråd i Vestland. Saman løfter vi regionale utfordringar opp på regionalt og nasjonalt nivå.
Vest Næringsråd er medlem av Næringsforeningene i Norge – organisasjonen for 175 næringsforeiningar i Noreg. Saman løfter vi felles saker opp på den nasjonale agendaen.
Arrangement
Vi har faste medlemstreff i året, i tillegg til fagseminarer, bedriftsbesøk og ei rekkje andre arrangementer. Vi arrangerer også Øygardskonferansen, der vi set fokus på regionen i ein større samanheng.
Ressursgrupper
- Skule og næringsliv
Vest Næringsråd er medlemmane sitt talerøyr inn mot Vestland fylkeskommune. Det er Vestland fylkeskommune som bestemmer kva fag Sotra vidaregåande skule skal tilby. Men for at fagtilbodet skal vera det næringslivet i Øygarden treng, må vi samarbeida. Ressursgruppa består av representantar frå medlemsbedrifter, Sotra vidaregåande skule og Øygarden kommune. - Utvikling
Stabile og langsiktige rammevilkår er viktig for næringslivet. Ressursgruppe Utvikling løftar fram tema knytt til arealplanar, og spesielt det som gjeld prosessen for kommuneplanens arealdel (KPA). Ressursgruppa består av representantar frå medlemsbedrifter og Øygarden kommune. - Berekraft
Eit initiativ om miljøsamarbeid mellom industribedrifter Ågotnes er blitt møteplassen Øygarmot. Dette er ei sjølvstendig gruppe som inviterer til aktivitetar og møter med berekraft og miljø på agendaen. Ressursgruppa består av representantar frå medlemsbedrifter.