Vedtekter
§1: Namn og føremål
Vest Næringsråd har som føremål å fremja og utvikla regionen sine næringslivsinteresser.
§ 2: Medlemmar
Medlemmar kan vera næringsdrivande, og etatar/organisasjonar/lag med tilknyting til næringslivet.
Kvart medlem skal ha 1 stemme. Innmeldinga må vera skriftleg og trer i kraft når medlemskontingenten er betalt. Utmelding skjer skriftleg innan årsskiftet.
Etter tilråding frå styret, fastset årsmøtet medlemskontingent. Kontingent skal være betalt før stemmerett er gjeldande.
§ 3: Organ
Vest Næringsråd sine organ er årsmøtet og styret.
§ 4: Årsmøte
Det ordinære årsmøte skal godkjenne: Styret si årsmelding, rekneskap med budsjett, samt fastsetja medlemskontingent og vedtekter.
Det ordinære årsmøtet skal velgja: leiar, styremedlemmer, varamedlemmar, revisor og valnemnd. Styremedlemmane vert valde for to år om gongen, slik at halve styret skiftevis står på val kvart år. Vest Næringsråd sitt styre skal vera sju personar. Leiaren vert vald av årsmøtet ved særskilt val for eit år, elles konstituerer styret seg sjølv. Varamedlem til styret, valnemnd og revisor vert vald for 1 år.
Framlegg til saker på årsmøtet må leverast skriftleg til styret innan tre veker før årsmøtet.
Ordinært årsmøte vert halde normalt innan utgangen av april månad, og vert innkalla med minst 14 dagars varsel. Ekstraordinært årsmøte vert halde når styret eller 1/3 av medlemmane krev det.
Alle saker vert avgjorde med vanleg fleirtal med unnatak av dei tilfelle som er nemnde i paragraf 6. Ein kan berre røysta ved personleg frammøte eller ved skriftleg levert fullmakt i høve fullmaktskjema.
§ 5: Styret
Styret vert kalla saman av leiar. Er røystetalet likt, er leiaren si røyst avgjerande.
Fire av dei andre styremedlemmane kan også saman krevja styremøte. Styret er vedtaksført når fire av medlemmane møter. I slike høve må vedtaka vera samrøystes.
Styret foreslår valnemnd og revisor. Styret kan tilsetje dagleg leiar.
§ 6: Oppløysing
Oppløysing av Vest Næringsråd kan skje når minst 1/3 av medlemmene krev det og årsmøtet med 2/3 fleirtal av medlemsmassen eller to påfølgjande årsmøte vedtek det med vanleg fleirtal. Ved oppløysing av Vest Næringsråd vedtek årsmøtet, med vanleg fleirtal, korleis eventuelle midlar skal nyttast.
Vedtektene er sist endra på årsmøte 21. april 2022.