– Stort engasjement og imponerande energi
Grunngjevinga frå juryen:
Ordet fyrtårn vert ofte brukt i overført betydning. Når det gjeld leiarskap vert det gjerne brukt som ein metafor for å vise til ein leiar som viser retning og som står støtt i krevjande tider.
Årets fyrtårn er ein synleg leiar. I krevjande tider med endringar, omstilling og uføresette situasjonar, har vinnaren vore tydeleg og trygg.
Med stort engasjement og imponerande energi er vinnaren til stades, frå det heilt nære til dei store hendingane.
Vinnaren er ein ivrig talsmann for at eit stort og variert næringsliv, er ein grunnstein i eit levande lokalsamfunn. Han set Øygarden og næringslivet vårt på kartet. Han er sjølv flittig brukar av ordet fyrtårn, gjennom slagordet: Øygarden – eit fyrtårn i vest.
Vinnaren av «Årets fyrtårn» i Vest Næringsråd er: Tom Georg Indrevik

Tidlegare vinnarar:
- 2018: Kåre Bjorøy
- 2019: Kari-Anne Landro, Marianne Sandahl Bjorøy og Børge Haugetun
- 2020: Jarle Vindenes
- 2021: Hans Jarle Einarsen
- 2022: Ottar Vik
- 2023: Kurt Rune Andreassen
- 2024: Ingvild Skorpen Bøge
- 2025: Renate Blindheim