Bilde av Bøthun, Landro og Misje Lokøy
Arild Bøthun leia torsdag årsmøtet der Hanne Misje Lokøy blei vald til ny styreleiar.

Her er det nye styret

17. april | Tekst: Anders Ekanger
Etter to år som styreleiar overlét Arild Bøthun (Sartor Drange) vervet til Hanne Misje Lokøy (CCB). 
Misje Lokøy er leiar for marknad og kommunikasjon i CCB. Ho takkar for tilliten og ser fram til å ta fatt i rolla.

– Næringslivet i Øygarden har ein enorm bredde, frå industri, energi og maritime verksemder til handel, service og små og mellomstore bedrifter. Samspelet mellom dette rike næringslivet, kommunen og lokalsamfunnet er avgjerande for å lukkast, og Vest Næringsråd er en viktig og samlande aktør i dette arbeidet. Ambisjonen min som styreleiar er at Vest Næringsråd også framover skal vera den naturlege møteplassen og ei felles stemme for næringslivet her i vest.

– Det er eit solid fundament vi skal bygga vidare på når vi i skal kople bedrifter tettare saman, vera ein konstruktiv dialogpartner for kommunen og andre offentlege instansar, og bidra til at endå fleire gode initiativ blir realisert, seier Misje Lokøy.

På årsmøte torsdag 16. april blei dette styret vald:

Styreleiar:
  • Hanne Misje Lokøy, CCB (vald for 1 år)

Styremedlemmer:
  • Monica Gudmundsen, ACOS (Ikkje på val)
  • Alvhild Tofterå Berge, Sparebank1 Sør-Norge (Ikkje på val)
  • Tony Rong, RS-bygg (Ikkje på val)  
  • Silvia Høines, Panorama Hotell & Resort (vald for 2 år)
  • Svein Arve Forland, Telavåg Fiskeoppdrett (ny – vald for 2 år)
  • Rikard Toft Ledang, Sotra Gruppen (ny – vald for 2 år)

Vararepresentanter:
  • Ragnvald Maartmann-Moe, Algetun (ny – vald for 1 år)
  • Svein Rune Ellingsen, Sweco (ny – vald for 1 år)

Dei som går ut av styret er:
  • Arild Bøthun (Sartor Drange)
  • Øyvind A. Langedal (Lancon)
  • Einar Drægebø (Harris Advokatfirma)
  • Ole Morten Svellingen (Solid Energy)