Irene
Irene Lillehammer fangar små detaljar, spor av industrielt arbeid på Ågotnes, og gjer det om til kunst. Dette bildet blir med når ho skal ha stand på Øygardskonferansen. Kalenderen hennar blir gåve til alle bidragsytarane på konferansen.

Ser du spurven i sveisesølet?

14. oktober | Tekst: Anders Ekanger
Dei fleste går rett forbi utan å ensa det. Irene Lillehammer ser noko heilt anna. Noko vakkert.
– Eg synest det er fint at noko som kanskje berre er ein flekk på basen, kan bli til eit bilete på veggen. Det er ekte spor av arbeid, og det fortel ei historie om alle dei dyktige menneska som skaper verdiar kvar dag.

Irene Lillehammer står framfor det store bildet ho har kalla Sølvspurven. Eit namn som kombinerer søl, sølv og spurv.  

Med skarpt blikk og kameraet i handa fangar ho på denne måten små avtrykk etter industrielt arbeid. Då kan plutseleg sveisesøl bli til ein fugl. 

Tar hundrevis av bilder

– Eg prøver å finne noko litt leikent som kan minne om eit dyr, noko frå naturen eller kanskje ein menneskeleg karakter. Eg brukar augene og tek inn inntrykk samtidig som eg tek hundrevis av bilder som aldri blir noko av. Men når eg kjem inn att og ser dei på skjermen, oppdagar eg gjerne nye ting som eg ikkje såg ute på området, forklarar ho.

Det aller viktigaste for Irene er at bileta ikkje er manipulerte. Dei er heilt ekte spor av arbeid der og då. 

Kalenderen

Lillehammer har fotografert industrimotiv i mange år. Som kommunikasjonsrådgivar hos CCB hadde ho alltid tilgang til dei mange spennande detaljane som finst rundt anlegget. Då ho etter oljenedturen i 2014 starta for seg sjølv med film, foto og visuell kommunikasjon, voks interessa vidare. Etter kvart byrja ho å selje bileta som kontorkunst, og i år har prosjekta fått nytt liv gjennom ein eigen kalender.

Kalenderen har fått tittelen «Spor av arbeid».

– Eg synest namnet klinger godt. Det er jo det det handlar om. Spor etter fantastiske menneske som jobbar, og alle avtrykka dei etterlet seg. Det likar eg å jakte på, seier ho. 

Grete Skjold