Nytt styre klart
Styreleiar Arild Bøthun og dagleg leiar Kari-Anne Landro.

Nytt styre klart

25. april | Tekst: Anders Ekanger
På årsmøte i Vest Næringsråd blei Arild Bøthun valt som styreleiar i Vest Næringsråd.

Den daglege leiaren i Sartor Drange blei også valt til styreleiar i 2024, og går dermed på sitt andre år som leiar.


– Det er veldig kjekt å få fortsetja som leiar for eit så engasjert styre. Styret representerer næringslivet på ein god måte, både bransjemessig og geografisk. Begge delar er viktige for at næringsrådet skal vera ein relevant aktør, og kunna bidra til utvikling av regionen, seier Bøthun.


Dette er styret i Vest Næringsråd etter årsmøtet 2025:


Styreleiar:


  • Arild Bøthun, Sartor Drange

  • Styremedlemmer:


    • Monica Gudmundsen, ACOS

    • Tony Rong, RS-bygg

    • Alvhild Tofterå Berge, Sparebank 1 Sør-Norge

    • Øyvind A. Langedal, Lancon

    • Hanne Misje Lokøy, CCB

    • Einar Drægebø, Harris

    • Varamedlemmer:


      • Silvia Høines, Panorama

      • Ole Morten Svellingen, Solid Energy


      • – Her er det gjort ein god jobb med å setja saman eit styre som representerer dei aller fleste bransjar i medlemsmassen vår. Eg gler meg til å samarbeida med styret, og jobba for gode rammevilkår for næringslivet i Øygarden, seier dagleg leiar Kari-Anne Landro.