Stormfondet-logo

Stormfondet 2025

Sidan 2004 har Vest Næringsråd forvalta gåvemidler til næringsutvikling gitt av Sparebanken Vest. No er det Agenda Vestlandet som tildeler.
Til saman i løpet av desse åra har fondet støtta 103 bedrifter eller prosjekt.

Kven kan søka i 2025?
  • Bedrifter eller prosjekt som er etablert i Øygarden eller har tilknyting til området.

Søknadskriterier:
  • Nyskapande idear eller aktivitetar i tidleg fase
  • Prosjekt som bidrar til grøn omstilling eller sosial innovasjon vil bli vektlagt

Tildeling
Den – eller dei – beste søknadene får laga ein profesjonell film (ca. 2 min.) med ein verdi på inntil 50 000 kroner.

Størrelsen på tildelte midlar utover film-vinnarane blir vurdert av juryen.

Juryen består av medlemmar frå Vest Næringsråd og Sparebanken Norge.

Tildelinga skjer på Øygardskonferansen, fredag 7. november 2025.

Søknadsfrist 11. september 2025